Emner: RUS304 Fordypning i russisk litteraturvitenskap - Høst 2017
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår. Emnet vert ikkje tilbydd kvart vårsemester.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi ei fordjuping med teoretisk tilnærming til russisk litteratur og høver for studentar som tek sikte på å skriva masteroppgåve innan litteratur. Innhaldet i emnet vil variera frå semester til semester.
Læringsutbyte
Etter fullført emne: Studentane - har god innsikt i russisk og allmenn litteraturteori.
- er godt orientert i russisk litteraturforsking.
- meistrar ei kritisk og analytisk tilgang til litterære problemstillingar.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er RUS301 og RUS302 eller tilsvarande emne.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga inneheld i hovudsak førelesingar og seminar med presentasjonar og diskusjonar av pensumlitteraturen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Rettleiing på den skriftlege oppgåva. Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Ei skriftleg rettleidd oppgåve som tel 70% av samla karakter og eit munnleg seminarinnlegg som tel 30%. Eksamen vert avvikla berre i undervisningssemesteret.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, kor F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum består av utvalde tekstar innanfor russisk og allmenn litteraturvitskap, samt eit primærpensum med litterære tekstar.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no