Ved fullført mastergrad:
Kandidaten
Masteroppgåva blir til vanleg skriven i løpet av det tredje og fjerde studiesemesteret. Prosjektskisser og utkast til delar av masteroppgåva blir lagde fram på oppgåveseminar (work-in-progress-seminar), der studentane mellom anna vil få rettleiing i formelle og metodiske aspekt ved oppgåveskrivinga. Studentane skal på ein aktiv måte ta del i oppgåveseminaret, både ved å presentera eigne bidrag og ved å ta del i diskusjonar om det andre legg fram. Det er spesielt viktig at studentane tek del i dette seminaret dei to semestra dei arbeider med oppgåva.
Studenten får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og instituttleiar. Studentane blir oppmoda til å finna eit tema for masteroppgåva, i samråd med faglærarane, så tidleg som mogleg i andre semester.
2 innlegg på oppgåveseminaret
Rettleiing
Eksamen er todelt: 1) innlevering av masteroppgåve og 2) justerande munnleg eksamen. Den munnlege eksamen blir halden etter sensur av oppgåva. Under munnleg eksamen skal studentane presentera oppgåva på 10-15 minuttar. Presentasjonen blir følgt av spørsmål og diskusjon. Munnleg eksamen skal gå føre seg på russisk (for kandidatar med russisk som førstespråk går eksaminasjonen føre seg på norsk). Den munnlege prøva er justerande (ein karakter opp eller ned).
Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret.
Masteroppgåva skal vera på mellom 70 og 110 sider.