Emner: SAMPOL307-2 Forskningsdesign og kvalitative metoder - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

SAMPOL307-2 er eit emne i forskingsdesign. I tillegg til å studere eit breitt utval kjerneemnar innan forskingsdesign, vil studentane bli gjeve opplæring i logikk og bruken av datainnsamling og -analyse av kvalitative samfunnsdata.

 

Kurset fokuserer på logikken som ligg bak forskingsdesignet, og nytteverdien og relevansen av fleire forskjellige metodar innan kvalitativ datainnsamling og analysar av denne i samfunnsvitskaplege studiar.

 

Spesifikke emnar inkluderer: konseptualisering, kausalitet, casestudiar og samanlikning av par, komparativ metode, prosessporing, kvalitativ komparativ analyse (QCA), multimetodeanalyse, komparativ historisk analyse, feltarbeid og intervjuar.

 

For å bli kjent med korleis dei forskjellige metodane og forskingsdesigna blir brukt i praksis i publiserte artiklar, vil studentane lese eit utval forskingsartiklar og skrive fleire tekster som: (1) diskuterer korleis spesifikke metodar blir brukt og (2) evaluerer resultata av metodevala.

 

Emnet er delt inn i følgjande deler:

Konseptualisering, kausalitet, casestudiar, parvis samanlikning og einingsutval, komparativ metode, prosessporing, komparativ historisk analyse, kvalitativ komparativ analyse (QCA), multimetodeanalyse, feltarbeid og intervju.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

 

Kunnskapar. Studenten skal ved avslutta emne:

Ferdigheiter. Studenten skal ved avslutta emne:

Generell kompetanse. Studenten skal ved avslutta emne:

 

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL305 Multivariat dataanalyse

SAMPOL306 Masterseminar i komparativ politikk

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar som er tatt opp til masterprogrammet i samanliknande politikk og har førehandsgodkjent utanlandsopphald.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Form: eigestudie/rettleiing

Rettleiing til prosjektskissa vert gjeven av førebels rettleiar. Studenten har krav på 3 rettleiingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftleg innlevering: Prosjektskisse til masteroppgåva. Skissa vurderast som godkjend/ ikkje godkjend. Det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i inneverande undervisningssemester.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, ei veke, maksimum 4500 ord

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

Full poengreduksjon mot SAMPOL304 og SAMPOL307

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg

Kontaktinformasjon

studieveileder@sampol.uib.no/ 55583316