Emner: SAMPOL323 Nye styringsformer i nordområdene. Hvilken rolle vil urfolkene få? - Høst 2017




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår- uregelrett

Mål og innhald

Det som skjer i nordområda vil berre bli viktigare i åra som kjem samtidig som kunnskapen i fagmiljøa om kva som skjer er svært begrensa. Dette kurset vil diskutere dei store endringane som no skjer i nordområda, der klimaendring og teknologisk utvikling gjer dette geografisk enorme området stadig meir interessant ikkje berre for store internasjonale økonomiske aktørar, men i minst like stor grad statar. Ein viktig konsekvens av utviklinga er at ei rekke land no engasjerar seg langt sterkare i det som skjer i nord. Det gjeld også land som tidlegare har vist liten interesse for området. Utfordringane er mange og kva retning den politiske utviklinga vil ta er usikker. Eit viktig spørsmål er korleis dei ulike urfolka som finst i desse områda blir del av og kan innverka på dei store endringsprosessane som no går føre seg. Kurset vil gjennom førelesingar og seminar analysera dei ulike posisjonane i faglitteraturen med omsyn til utviklingsprosessar i nord, der det er venta aktiv deltaking frå studentane si side i førelesningar og seminar.

Kurset vil samla gje ny og viktig kunnskap om eit stort og viktig geografisk område som på grunn av djuptgripande uteknologisk og klimatisk endring held på å endra seg på grunnleggjande vis.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studentane kunne:

- Vise kunnskap om forskjellane i situasjonen til urfolk i dei vestlige nordområda (Alaska, Canada og Grønland) samanlikna med i dei meir austlege områda (Norden, Russland).

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL305 og SAMPOL306

Krav til studierett

Emnet er i hovudsak orientert mot studentar som er tatt opp på institutt for samanliknande politikk sitt masterprogram, men er òg ope for utvekslingsstudentar etter godkjenning av førespurnad.

Kurset er avgrensa til maksimum 15 studentar. Tilgang til kurset vert gjeve til dei fyrste 15 som vurderingsmeldar seg i emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar / seminar: 12

Timer per seminar: 2

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte på minst 75 % av forelesingane/seminara

Vurderingsformer

Et essay på 5000 ord

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår - uregelrett

Emneevaluering

Emnet vert evaluert etter retningslinene i kvalitetssikringshandboka og instituttets evalueringsplan.

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no/ 55583316

Institutt

Institutt for samanliknande politikk