Emnet dekker nokre av dei mest sentrale forskingsspørsmåla innafor forskingsgruppa «Medborgar, opinion, representasjon». Studentane vil i kurset få utvikla og gjennomføra eit eige avgrensa forskingsprosjekt innanfor emnet politisk engasjement/politisk åtferd. I prosjektet kan studentane samle eigne data i datalab. Særleg tre tema vert diskutert: Systemstøtte, politisk deltaking og nye politiske skiljeliner.
Emnet inviterer masterstudentar til å delta aktivt og sjølvstendig i aktuell og pågåande forsking innanfor studiar av politisk åtferd. Gjennom å gjennomføre eigne forskingsprosjekt vil studentane utvikle sentrale forskingsferdigheiter som prosjektutvikling, datainnsamling, analyse og rapportering. Studentar blir òg oppmuntra til å delta i ein kritisk vurdering av det empiriske fundamentet og dei metodologiske tilnærmingane som vert presentert innanfor det aktuelle forskingsfeltet.
Emnet vil bestå av reglemessige møter og sjølvstendig arbeid med prosjektet. Vi oppfordrar til bruk av Medborgerlaben og Medborgerpanelet i arbeidet med prosjektet. Emnet forutset at studentane deltek aktivt på felles møter.
- Innlevering og presentasjon av prosjektbeskrivelse
- Presentasjon av prosjektresultat