Emner: SAMPOL324 Politisk engasjement: Praktisk, empirisk forskning - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår - uregelrett

Mål og innhald

Emnet dekker nokre av dei mest sentrale forskingsspørsmåla innafor forskingsgruppa «Medborgar, opinion, representasjon». Studentane vil i kurset få utvikla og gjennomføra eit eige avgrensa forskingsprosjekt innanfor emnet politisk engasjement/politisk åtferd. I prosjektet kan studentane samle eigne data i datalab. Særleg tre tema vert diskutert: Systemstøtte, politisk deltaking og nye politiske skiljeliner.

Emnet inviterer masterstudentar til å delta aktivt og sjølvstendig i aktuell og pågåande forsking innanfor studiar av politisk åtferd. Gjennom å gjennomføre eigne forskingsprosjekt vil studentane utvikle sentrale forskingsferdigheiter som prosjektutvikling, datainnsamling, analyse og rapportering. Studentar blir òg oppmuntra til å delta i ein kritisk vurdering av det empiriske fundamentet og dei metodologiske tilnærmingane som vert presentert innanfor det aktuelle forskingsfeltet.

Emnet vil bestå av reglemessige møter og sjølvstendig arbeid med prosjektet. Vi oppfordrar til bruk av Medborgerlaben og Medborgerpanelet i arbeidet med prosjektet. Emnet forutset at studentane deltek aktivt på felles møter.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL305 og SAMPOL306

Krav til studierett

Emnet er i hovudsak orientert mot studentar som er tatt opp på institutt for samanliknande politikk sitt masterprogram, men er òg ope for utvekslingsstudentar etter godkjenning av førespurnad. Kurset er avgrensa til maksimum 15 studentar. Tilgang til kurset vert gjeve til dei fyrste 15 som vurderingsmeldar seg i emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

12 timar felles seminar / 6 timar felles veiledning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Innlevering og presentasjon av prosjektbeskrivelse

- Presentasjon av prosjektresultat

Vurderingsformer

Forskingsrapport (maks 4500 ord)

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Emnet overlappar 100 % med SAMPOL341 tilbudt våren 2013, og studentar som avla SAMPOL341 det aktuelle semesteret vil få full poengreduksjon.

Vurderingssemester

Vår - uregelrett

Emneevaluering

Emnet vert evaluert etter gjeldande retningsliner og instituttets evalueringsplan.

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no

Institutt

Institutt for samanliknande politikk