Emner: SANT350 Masteroppgave - Vår 2017
Studiepoeng
60.0Undervisningsspråk
Norsk/engelsk
Undervisningssemester
Vår og haust
Mål og innhald
Masteroppgåva skal vere eit fagleg sjølvstendig arbeid basert på eigne undersøkingar utført i emnet SANT320.
Straks etter feltarbeidet skal studenten ta kontakt med rettleiar for ein samtale om feltarbeidserfaringar og det vidare løpet. I byrjinga av semesteret følgjer studenten opp feltarbeidsrapporten med å skrive ein tekst på 3000 ord basert på eigen etnografi med det formålet å få i gang skriveprosessen. Teksten kan til dømes ta utgangspunkt i eit «case», ei viktig hending eller funn, eller eit metodologisk problem, og eventuelle analytiske implikasjonar av desse. Det kan vere utkast til eit kapittel, eit samandrag eller ei første skisse av argument studenten ønskjer å utvikle eller ei drøfting av analytiske omgrep som kan nyttast. Dette grovutkastet skal tidleg i studenten sitt 3. semester presenterast for diskusjon i eit skriveseminar.
I masteroppgåva skal studenten gjere greie for dei tematiske, metodiske og teoretiske føresetnadene som arbeidet byggjer på. Tekst og argument skal utviklast i samarbeid med rettleiar. I vurderinga av masteroppgåva vert det lagt vekt på studenten si evne til sjølvstendig analyse av eige etnografisk materiale i ljos av relevant antropologisk teori.
Læringsutbyte
Ved innlevering av masteroppgåva skal studenten kunne:- Arbeide med ein omfattande tekst der eige etnografisk materiale vert knytta til teoridanning innan sosialantropologi og andre relevante fag.
- Arbeide sjølvstendig med eit komplekst empirisk materiale og gjere prioriteringar.
- Produsere ein komparativ, argumen-terande og resonnerande tekst på grunnlag av sentrale funn og særdrag ved eit vald studiefelt.
- Meistre gjeldande konvensjonar for litteraturhenvisning, anonymisering og akademisk redelegheit.
- Bidra med ekspertkunnskap på den regionen og tematikken som masteroppgåva omhandlar.
Krav til forkunnskapar
SANT301, SANT302, SANT320
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosialantropologi.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Individuell rettleiing, sporadisk seminardeltaking
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i skriveseminar og munnleg presentasjon av ein tekst på 3000 ord (+/- 10 prosent) så snart som mogleg etter avslutning av feltarbeid.
Vurderingsformer
Masteroppgåve av eit omfang på mellom 30 000 og 40 000 ord. Innlevert masteropgåve vert vurdert og karakter sett av ein komité. Denne karakteren justerast ved munnleg eksaminasjon.
Karakterskala
Karakterskala A-F vert brukt i vurderinga av masteravhandlinga
Vurderingssemester
Vår/haust
Emneevaluering
Emnene blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for sosialantropologi
Fosswinckelsgate 6
5007 Bergen
E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no
Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 94 51
Heimeside: http://www.uib.no/antro/