Emner: SPLA107 Spansk grammatikk I - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Spansk

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Emnet gjev en grundig innføring i moderne spansk grammatikk med vekt på spanskamerikanske variantar av språket.

Læringsutbyte

 Kunnskap:

Kandidaten

Dugleik:

Kandidaten

Grunnkompetanse:

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skule. Det er ein føremon å ha gjennomført EXFAC00SK Språk og Kommunikasjon.

Studiepoengsreduksjon

 SPLA101 (10 stp), SLAN611 (10 stp)

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB, og for lærarstudentar som har fått opptak gjennom samarbeidsavtale med Høgskulane i UH-nett Vest.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga i grammatikk blir gitt i form av førelesingar, normalt to timar i veka i åtte veker. Det blir undervist i sentrale delar av pensum. I tillegg vert det normalt gruppeundervisning to timar i veka i åtte veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er ei obligatoriske oppgåve om utvalde tema frå pensum. Denne må utførast innan fristen for aktiviteten. Oppgåva vurderast til godkjent/ikkje godkjent.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Oppgåva må vera godkjend før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i eitt semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

 Vurderingsforma i emnet er ein avsluttande skuleeksamen på 4 timar. Eksamen kan bli digital.

Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

 Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

 Pensum er i hovedsak ein referansegrammatikk.

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon