Emner: SPLA109 Latinamerikansk historie - Høst 2017




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Spansk

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Studiet skal gi studentane oversyn over viktige utviklingstrekk og hendingar i den spansktalande verda med hovudfokus på latinamerikansk historie i det 20. hundreåret. Ein vil leggja vekt på at studentane skal kjenna bakgrunnen for det Latin-Amerika me ser dag. I tillegg vil det vera innslag frå spansk historie.

 

Studentane vinn innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan fagområdet latinamerikansk og spansk historie. Vidare skal studentane analysera fagstoff og trekka eigne slutningar. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Læringsutbyte

 Kunnskap:

Kandidaten

Dugleik:

Kandidaten

Grunnkompetanse:

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

 Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

 SPLA103 (10 stp) og SLAN612 (10 stp)

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Særleg er det lagt vekt på at studentane skal forstå kva innverknad historiske utviklingstrekk og hendingar har hatt på utviklinga i Latin-Amerika i det 20. hundreåret. Normalt blir det gitt førelesingar fire timar i veka i ti veker. Det kan også verta aktuelt å organisera undervisninga i større blokker.

Det blir også normalt gitt gruppeundervisning to timar i veka i ti veker, der ein legg vekt på munnleg trening gjennom å diskutere sentrale problemstillingar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Ingen

Vurderingsformer

 Vurderingsforma i emnet er ein 4-timars skuleeksamen som vert skriven på spansk. Karakteren vert sett på grunnlag av både innhald og språk. Eksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane kan nytta eitt-språkleg og to-språkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.

Karakterskala

 Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår/Haust

Litteraturliste

 Pensum (om lag 350 sider) kan inkludera oversynsverk, artiklar og kjeldetekstar.

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no