Overordna mål:
Studentane skal ha innsikt i Praxeologi som omgrep og forskingstradisjon ut frå grunnvitskapelege tekstlesingar, vitskapsteoretiske- og metodologiske analysar relatert til konkrete empiriske studie
Innhald:
- Om sjukepleie i historisk perspektiv - Praktikk, klinikk og klinisk blikk
- Sjukepleie i vitskapeleg perspektiv
- Kva er eit fag/disiplin?
- Kunst, praktisk teori og vitskap?
- Teori og filosofi i, for og om praktikk
- Forståelse og forklaring - to sider av samme sak
- Brytande tenking og konstruksjon av forskningsobjektet
Studenten skal kunne gjere greie for utviklinga og den moderne struktureringa av den medisinske- og sjukepleiefaglege praktikken, klinikk og det kliniske blikk historisk, og implikasjonane av dette for dei framvaksande semiprofessionane
Studenten skal kunne bruke sentrale omgrep og teoretiske verktøy som knytter seg til sjukepleie som vitskapleg/teoretisk disiplin og tilsvarande studiar av omsorg, sjukepleie, helse og medisin
Studenten skal kritisk vurdere og reflektere over dei forskningsmessige og metodologiske problemstillingane som er relatert til den praxeologiske forskningstradisjonen
Studenten skal kunne bruke analytiske evner og sjølvstende i arbeid både muntleg og skriftleg.
Studentane skal bygge opp haldningar til ulike filosofiske, praktiske og vitskaplege tradisjonar sine vilkår, bruksområde og avgrensingar samt rolla deira i samfunnet relatert til omsorg, sjukepleie, helse og medisin
Undervisninga er basert på:
Totalt 40 timer i uken i 3,5 uker
Avsluttande eksamen i emnet er ei heimeoppgåve som består av eit sjølvstendig arbeid basert på innhaldet av kurset og dei på førehand gjevne forventa læringsresultata til kurset.
2 interne sensorar
Institutt for global helse og samfunnsmedisin.
Kalfarveien 31, 5018-Bergen
e-post:
tel: 55586100
Emneansvarleg: Karin Anna Petersen, professor
http://www.uib.no/personer/Karin.Petersen