Emner: TYS111 Grunnemne i tysk språk I - Høst 2017




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Tysk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen og Kiel

Mål og innhald

Emnet omfattar eit basiskurs i tysk grammatikk og lydlære (fonetikk/fonologi), og oppøving av skriftleg og munnleg meistring av språket. Ved språktreninga blir det teke utgangspunkt i munnlege og skriftlege teksttypar av ulike slag, og det blir arbeidd både med bundne (omsetjing, utfyllingsoppgåver, feilrettingsoppgåver m.m.) og friare øvingar (resyme, essay, argumentasjon, intervju, reportasje m.m.).

TYS111 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i tysk.

Læringsutbyte

Kunnskap:
Studenten

 

Dugleik:
Studenten

 

Grunnkompetanse:
Studenten

Krav til forkunnskapar

På grunn av emnet sitt fokus på kontrastive aspekt føreset ein kjennskap til norsk språk.  

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

TYS111-F (100%)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

- Undervisningstilbodet omfattar forelesingar/seminar og gruppeundervisning som føreset aktiv deltaking frå studentane. NB! Undervisninga i delar av TYS111 er lagt til Universitetet i Kiel.

- Tre dobbeltimar forelesing / seminar + to dobbelimar gruppeundervising

- 10 veker i Bergen + 6 veker i Kiel

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane i Bergen.

I løpet av semesteret skal det skrivast fire korte øvingsoppgåver i grammatikk og dessutan to korte øvingsoppgåver i samband med undervisninga i skriftleg praktisk tysk. I tillegg må kvar student i samband med undervisninga i munnleg praktisk tysk halde to presentasjonar à ca. 10 min.

Alle arbeidskrava må vere godkjende av faglærar i same semester før ein kan gå opp til skriftleg eksamen i emnet.

Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det følgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av to eksamensdelar:

Eksamensdel 1 er ein 4 timars skriftleg skuleeksamen (med einspråkleg tysk-tysk ordbok) i grammatikk og skriftleg praktisk tysk. Eksamen kan bli digital.

 

Eksamensdel 2 er ein munnleg eksamen i lydlære og praktisk tysk (ca. 30 min.) som blir arrangert etter den skriftlege skuleeksamenen.

 

Begge eksamensdelane må vere greidd i same semesteret

 

Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel den skriftlege skuleeksamenen (eksamensdel 1 ) 60%, og den munnlege eksamenen (eksamensdel 2) 40%.

Hjelpemiddel til eksamen

Einspråkleg tysk-tysk ordbok

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk og lydlære (jf. Læringsutbyte/resultat), og dessutan lærestoff knytta til praktisk språkbruk.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no