Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet tysk fagdidaktikk innanfor to hovudområde:
- Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning
- Tilrettelegging for læring
Studentane skal:
- ha innsikt i teoriar om språk og kommunikasjon og kunne sjå desse i eit kulturperspektiv
- ha innsikt i tysk som dannings- og dugleiksfag
- kunne lage undervisningsopplegg der arbeidsformer og innhald er knytt til grunnleggjande fagforståing og innsikt i læringsprosessar i tyskfaget
- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på tysk innan fagfeltet
Forelesing: 2 timar per veke i 6 veker
Seminar: 2 timar per veke i 2 veker
Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Vurderinga skjer på grunnlag av ei vurderingsmappe med to tekstar på til saman om lag 2500 ord, ikkje medrekna innhaldsliste, litteratur og vedlegg.
Tekstane skal skrivast på tysk.
Dei to tekstane i vurderingsmappa tel båe 50% av samla karakter.
Nærare retningsliner for oppgåvene vert gitt i studiet.
Pensum utgjer omlag 350 sider av normal vanskegrad.
Faglæraren gir framlegg til spesifisert pensumliste i emnet.