Studieprogram: 5MAMN-MTEK Integrert masterprogram i medisinsk teknologi (sivilingeniør) - Vår 2017




Namn på grad

Integrert masterprogram i medisinsk teknologi (sivilingeniør)

Omfang og studiepoeng

Integrert masterprogram i medisinsk teknologi (sivilingeniør) har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Mål og innhald

Mål:

Studiet har som mål å gje kandidaten ein teoretisk og praktisk kunnskap på høgt nivå innanfor medisinsk teknologi med tilstrekkeleg fordjuping i spesialiserings retningene kjemi eller fysikk. Basert på denne kunnskapen skal kandidaten vere i stand til å fullføre ei forskingsbasert masteroppgåve innanfor ei av forskingsgruppene ved kjemisk institutt, institutt for fysikk og teknologi eller ved laboratorier hos samarbeidspartnarar utanfor UiB.

Kandidaten skal både kunne nyttiggjere seg av etablert kunnskap og ta del i ein innovativ og vidare utvikling av fagfeltet.

Ein kandidat som gjennomfører masterprogrammet vil få erfaring i å leggje fram eigne resultat og teoriar både munnleg og skriftleg, og trening i å innhente og evaluere relevant vitskapleg litteratur.

Innhald:

Forskingsfelta som ein kan velje masteroppgåva innan, spenner over heile breidda av kjemi, frå teoretiske til laboratorieorienterte oppgåver. Instituttet har ein moderne instrumentpark som sikrar at det eksperimentelle arbeidet som vert utført, er av høg kvalitet). Emnekombinasjonane som er sett opp for dei enkelte forskingsretningane, gir kandidaten ei teoretisk og praktisk fordjuping i ulike tema som blir nytta i løpet av arbeidet med masteroppgåva

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved gjennomført program ha læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

 

Ferdigheter

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse samt Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1.

Opptakskode: SIVING

Tilrådde forkunnskapar

Gode forkunnskaper frå vidaregåande skule i matematikk, fysikk og kjemi er ein føremon.

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: emnedel (240 studiepoeng) og mastergradsoppgåve (60 studiepoeng). Studiet har to studieretningar: kjemi og fysikk, der retningane har felles alle obligatoriske emne 1. ¿ 3. semester, fire emne i 4. og 5. semester og eitt i 7. semester. For begge studieretningar er desse emna obligatoriske: PHYS101, MAT111, MTEK100, KJEM110, PHYS102, MAT102, KJEM120, INF109, BER105, MAT121, EX.PHIL, KJEM225, ING101 og PHYS225.

Innan studieretning kjemi er desse emna obligatoriske: KJEM130, KJEM131, KJEM250, KJEM140, KJEM206, KJEM230, MTEK320, KJEM231 eller KJEM333, KJEM334 eller MTEK300. I tillegg kjem 10 studiepoeng med tilrådde emne, som ein vel i samråd med rettleiar.

Innan studieretning fysikk er desse emna obligatoriske: PHYS114, PHYS119, PHYS212, PHYS231, PHYS291, PHYS116, PHYS225, PHYS213, PHYS327 og PHYS271. I tillegg kjem 10 studiepoeng med tilrådde emne, som ein vel i samråd med rettleiar.

Masteroppgåva: MTEK399 Masteroppgåve for integrert master i medisinsk teknologi er på 60 studiepoeng. Masteroppgåva skal leveras innan ein fast frist i slutten av tiande semester, 1. juni

Tilrådde valemne

10 studiepoeng i mastergraden er tilrådde emne og skal veljast i samråd med rettleiar.

Liste over tilrådde valemne (Alle emnene er 10 sp)

Kjemi

Legemiddelsyntese (LMS)

PHYS227

FARM236

KJEM243

 

Medisinsk-kjemisk analyse (MKA)

PHYS227

FARM236

MOL100

KJEM351

 

Fysikk

PHYS222

PHYS223

PHYS206

PHYS232

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta 6. semester ved lærestader i utlandet, med førehandsgodkjente emne som erstattar obligatoriske emne i studiet.

Undervisningsmetodar

Undervisningsforma for emna i studiet skjer i form av: førelesningar, laboratoriearbeid, øvingar, kollokvium og seminar. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurderinga på emna i studiet er: skriftleg eksamen, munnleg eksamen mappeevaluering, laboratoriejournal og prosjektoppgåve. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Studiet avsluttas med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

 

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

 

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

 

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

 

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studieveileder@kj.uib.no Telefon: 55 58 34 45