Emner: BIODID220-P Innføring i biodidaktikk - Høst 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet går over to semester, 5 sp haust og 5 sp vår, med oppstart kun om hausten.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentar eit fagdidaktisk og forskingsbasert grunnlag for å utvikle kompetanse som lærarar i biologi og naturfag. Dei vil også bli utfordra til å prøve ut denne kompetansen i praksis, og hauste eigne erfaringar som dei tek med seg tilbake i diskusjonar i emnet. Emnet tek opp biologi/naturfagdidaktikk som forskingsfelt, læring i eit biologisk og evolusjonært perspektiv, biologifaget sin historiske utvikling, skulefaget sine særtrekk og utfordringar, ulike arbeidsmåtar i faget, analyse av fagplanar og omsetting av disse til undervisning og vurdering, kva elevars bakgrunn, holdning til og motivasjon for biologi og naturfag har å si for deira læring og korleis kommunikasjon kan vere eit aktivt verkemiddel for læring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten kan

 

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU heltid.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminarer og forelesninger

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar, 4 skriftlege oppgåver. (Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

Godkjent praksis

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Spørsmål knyttet til obligatorikk og vurdering kan rettes til studie@bio.uib.no. For øvrige spøsmål, kontakt studieveileder.laerer@mnfa.uib.no.

Institutt

Institutt for biologi