Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- er kjent med biologi/naturfagfagdidaktikk som forskingsfelt og eit utval av fagdidaktisk forsking
- skal ha kunnskap om kva som kan påverke elevanes motivasjon og interesse for faget
- kan gjere greie for kva kjenneteikn biologi har som skulefag og vitskapsfag, og korleis biologi har utvikla seg som fag
- kjenner til ulike arbeidsmåtar i biologi og naturfag og korleis desse kan bidra til læring
- har grunnleggande kunnskapar om korleis oppbygginga til hjernen og nevrofysiologiske prosessar påverkar læring, og korleis læring kan settast inn i eit biologisk og evolusjonært perspektiv
Ferdigheiter
Studenten kan
- analysere læreplanar i biologi og naturfag og velje relevante arbeidsmåtar og vurderingsformar i høve til kompetansemåla i læreplanen
- reflektere over etiske problemstillingar og korleis ein kan leggje opp undervisning i etisk utfordrande eller kontroversielle tema i biologi
- leggje til rette for varierte arbeidsmåtar som bidrar til læring og at elevane får erfaring med eit breitt spekter av biologifaget
- nytte digitale verktøy som bidrar til god læring i biologi og utviklar elevanes digitale kompetanse
- utvikle skriftleg og munnleg kommunikasjon hos elevar som verkemiddel for læring og formidling av kompetanse
Generell kompetanse
Studenten kan
- motivere elevar og skape interesse for biologi og naturfag
- nytte kunnskapar og erfaringar frå praksis til å grunngje val av arbeidsmåtar i biologi
- definere tydlege læringsmål for elevane , velje arbeidsmåtar som er veleigna for at elevane skal nå læringsmåla og i etterkant kunne evaluere i kva grad desse ble nådd