Emner: BMED320 Metoder i medisinsk cellebiologi - Høst 2017
Studiepoeng
25.0Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje studenten ei teoretisk oversikt over metodar og teknologi som vert brukt i medisinsk grunnforsking, samt å gje studenten eksperimentell erfaring med nokre utvalde metodar. Vidare gjev emnet studenten opplæring i litteratursøk og bruk av referansehandteringsprogram. Studenten vert også trena i korleis presentere problemstillingar og forskingsresultat på ein vitskapeleg måte.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten kunne:
Kunnskapar
- Gjere greie for alminneleg brukte metodar i medisinsk grunnforsking, og sette metodane inn i fagleg samanheng.
- Greie ut om føremålstenleg bruk av ulike metodar med utgangspunkt i gitte cellebiologiske problemstillingar.
Ferdigheiter og generell kompetanse
- Planleggje og gjennomføre forsøk og kritisk vurdere resultata.
- Søkje, nyttiggjere seg og gjengi relevant vitskapeleg litteratur
- Framstille forskingsprosjekt på eit vitskapeleg vis.
Tilrådde forkunnskapar
Generelle kunnskapar i molekylærbiologi og cellebiologi. Studentane må og kjenne til prinsippa for elementære molekylærbiologiske metodar/omgrep som polyakrylamid gel-elektroforese (med og utan SDS) for separering av protein og DNA/RNA, agarose gel-elektroforese for separering av DNA/RNA, polymerase chain reaction (PCR) og cDNA.
Krav til studierett
Master i medisinsk biologi
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Emnet går over 13-14 veker.
Emnet startar med obligatoriske førelesningar (ca 4 veker) og fortset med obligatorisk laboratorieundervisning under rettleiing. Antal førelesingar per veke varierer (mellom 8 og 16). Under vekene med laboratoriearbeid vert det forventa normal arbeidsinnsats; ca 40 timer pr veke. Dette betyr at emnet vanskelig kan kombinerast med andre emne.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte til undervisinga.
Vurderingsformer
Vurdering i emnet er todelt:
- Heimeeksamen etter avslutta teoriundervisning.
- Innlevering av skrifteleg semesteroppgåve etter utplassering på lab.
Dei to delane tel hhv. 45 og 55 prosent av endeleg karakter. Du må bestå på alle delane for å bestå emnet.
Karakterskala
A-F
Fagleg overlapp
HUCEL320 og HUIMM306.
Litteraturliste
"Molecular Biology of the Cell", Alberts et al., review-artiklar, originalartiklar og handouts.
Emneevaluering
Skriftleg evaluering via Mitt UiB.
Kontaktinformasjon
Institutt for biomedisin
studie@biomed.uib.no
(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40
Emneansvarleg:
Marit Bakke, http://uib.no/personer/Marit.Bakke