Emner: DIDAGEO1 Geografididaktikk 1 - Høst 2017
Studiepoeng
7.5Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen og praksis ved ein skule i Bergensområdet.
Mål og innhald
Skulefaget geografi tek føre seg natur og samfunn i eit romleg perspektiv og endringar over tid. I geografi drøftar og forklarar vi samfunnet i skjeringspunktet mellom menneske og natur og gir oversikt over livsvilkår, levevis og levekår på jorda.
Studiet i fagdidaktikk for geografi tek sikte på å gjere studentane skikka til undervisning i geografi i grunnskole og vidaregåande skule. Studiet tek utgangspunkt i ulike geografifag av både naturfagleg og samfunnsfagleg karakter og ser ofte desse i samanheng. Studiet vektlegg både legitimering av skulefaget, vurderingar og val av innhald i faget og ulike metodar som kan bidra til læring av geografi.
Sentralt i faget står bruk av kart og bilete både i papirbasert og elektronisk form. Studiet i geografididaktikk skal også gjere lærarane vakne for geografirelaterte hendingar og i stand til å møte og bruke endringane og utviklinga i ei verd i endring
Læringsmål
Studenten skal:
- nyttiggjere seg det romlege perspektiv i planlegging, tilrettelegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
- gjere greie for, prøve ut og reflektere over ulike måtar elevane kan trekkjast med i planlegging, val av arbeidsmåtar og vurdering av undervisninga
- bruke og vurdere hensiktsmessige og varierte arbeidsformer med utgangspunkt i læreplanverk, lærestoff og elevane sine behov, føresetnader og interesse
- praktisere bruk av lokalmiljøet og lokalsamfunnet i og utanfor klasserommet
- bruke varierte former for rettleiing i og vurdering av geografiundervisninga, også ved bruk av mapper og IKT
- gjere greie for geografifaget sin eigenart og utvikling som forskingsfag, studiefag og skulefag
- drøfte fordelar og ulemper ved eit skulefag som hentar innhald og metodar både frå naturgeografi og samfunnsgeografi
- forklare og grunngje geografifaget som eit demokratibyggande fag
- analysere og vere bevisst geografilæraren sin rolle i skulekvardagen og i samfunnet
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studentane kunne:
- gjere greie for geografifaget sin eigenart og utvikling som forskingsfag, studiefag og skulefag
- drøfte fordelar og ulemper ved eit skulefag som hentar innhald og metodar både frå naturgeografi og samfunnsgeografi
- grunngi geografifaget sin plass som obligatorisk og valbart skulefag og samfunnsfag
- forklare og grunngi geografifaget som eit demokratibyggjande fag
- gjere greie for relevansen av romleg og geografisk bevisstheit i samfunnet
- analysere og vere bevisst geografilæraren si rolle i skulekvardagen og i samfunnet
Krav til forkunnskapar
Geografididaktikk 1 (DIDAGEO1) bygger på bacheloreksamen eller mastergradseksamen der geografi inngår på minst 100-nivå med minimum 60 studiepoeng.
Krav til studierett
Kurset er reservert studentar tatt opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.
1 førelesingar, seminar, øvingar á 2 timer pr. veke.
Totalt 10 førelesingar
Veker totalt: 10
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det vil vere eit praksisførebuingsseminar i forkant av praksis.
Etter endt praksis skal det leverast ein individuell praksisrapport der studenten skal ta utgangspunkt i praksiserfaringar (til dømes eiga undervisning, elevtekstar, intervju med lærarar) og analysera og drøfta desse. Oppgåva skal vera på om lag 3000 ord, tema skal godkjennast av faglærar og vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Sjå eigne retningsliner.
Vurderingsformer
Eksamensforma er ein munnleg eksamen der pensumlitteraturen skal relaterast til eigne praksiserfaringar.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust.
Litteraturliste
Pensum tilsvarar omlag 375 sider
Emneevaluering
Studenten skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med Det samfunnsvitskaplege fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi v/ Odd Inge Steen: Odd.Steen@geog.uib.no eller studieveileder@geog.uib.no