Emner: DIDAITAL1 Italienskdidaktikk 1 - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

 

 

Undervisningsspråk

Italiensk og norsk

Undervisningssemester

Haust

 

 

Undervisningsstad

Bergen 

 

Mål og innhald

Fagdidaktikk i italiensk inngår som ein del av italiensklærarutdanninga på universitetet. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til elevane si kompetanseutvikling i italiensk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis italienskfagleg kunnskap kan utviklast og relaterast til det å vere italiensklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring.

Studiet er organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga. Slik vil ein vise fram ein kunnskapsteoretisk samanheng for alle språkfaga og tydeleggjere felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.

Studiet inneheld fire målområde:

- Faget si legitimering i skolen i dag

- Teoriar om språklæring

- Det å leggje til rette for italiensklæring

- Rettleiing og eigenvurdering

 

 

 

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i italienskfaget sitt kultur- og danningspotensial og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving i skolen. Dei skal setje seg inn i teoriar om språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med læring i italiensk. Dei skal vere i stand til å undersøke elevane si italiensklæring og vilkår for italiensklæring i skolen.

Studentane skal:

kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på italiensk innan fagfeltet.

 

 

Krav til forkunnskapar

Italienskdidaktikk 1 (http://www.uib.no/emne/DIDAITAL1DIDAITAL1) byggjer på ein bachelorgrad med eit faggrunnlag i italiensk som svarar til minst 60 stp på 100-nivå.

 

 

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen.

 

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fagdidaktikken skal relaterast både til praksis i skolen og til fagstudiet.

Undervisninga blir organisert som førelesingar, seminar og verkstadsorientert arbeid. IKT vert tatt i bruk for å skape nye arenaer for samarbeid og utveksling av tekstar. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon av og framlegging av eigne arbeid.

Studentane får tilbakemelding frå medstudentar og rettleiing frå lærarar på arbeida sine.

Førelesing 18 timar

Seminar 6 timar

Totalt 24 timar

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i italiensk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført minst 2 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av obligatoriske aktivitetar vil gå fram av semesterplanar.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei rettleidd mappe. Mappa skal ha eit omfang på om lag 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

 

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til læringsmåla til faget. Av desse er eit utval felles for språkfaga. I samråd med faglærar kan studentane velje eit visst tal sider knytt til oppgåva.

 

Pensum under "felles språkdidaktikk" er felles for alle språkfag.

Studentar som berre har eitt språkfag (italiensk) les tekstar merka med stjerne (med *). Studentar som har to språkfag (italiensk + norsk eller eit framandspråk), les alle tekstane under "felles språkdidaktikk" (både med og utan *).

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no