Emner: DIDANOR1 Norskdidaktikk 1 - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

 

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukt.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Fagdidaktikk i norsk inngår som ein del av norsklærarutdanninga på universitetet. Grunnleggjande spørsmål i norsk fagdidaktikk er kva norskfagleg kunnskap er, korleis slik kunnskap vert utvikla, og kvifor slik kunnskap er viktig å utvikle i samfunnet vårt. Det blir lagt vekt på å få fram korleis faget målber viktige danningsmål i samfunnet og korleis den plassen faget har i det totale danningsprosjektet til skolen, har endra seg gjennom skolehistoria. Eit sentralt spørsmål er også korleis norskfagleg kunnskap kan utviklast i høve til ulike elevgrupper på ulike nivå og i ulike skoleslag og studieretningar. Refleksjon rundt slike spørsmål er naudsynt når ein norsklærar skal planleggje og gjennomføre god undervisning og kunne møte uføresette situasjonar i klasserommet på ein profesjonell måte. Fagdidaktikk i norsk er organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga. Slik vil ein vise fram ein sams kunnskapsteoretisk samanheng mellom alle språk- og kulturfag og tydeleggjere likelydande danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.

 

Studiet har fire målområde:

 

Gjennom studiet skal studentane stimulerast til å ta i bruk heile den basisfaglege kompetansen i språk og litteratur som ressurs i undervisninga, ikkje berre som innhaldsressurs, men òg som didaktisk instrument.

 

 

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle eit fagsyn. Det vil seie at studentane:

- kan konkretisere målsetjingane i norskfaget på ein sjølvstendig måte med utgangspunkt i fagleg kunnskap, forståing for kultur- og danningspotensial i faget og kunnskap om den funksjonen faget har hatt i samfunnet i fortid og notid,

- skal utvikle evne til å reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i norsk,

- skal kunne skape vilkår for å utvikle ein klasseromskultur som fremjar norskfagleg læring og utvikling hos elevane,

- skal kunne tileigne seg fagdidaktisk kunnskap for å analysere og tolke ulike slag tekster som vert produserte i norskundervisninga, både klasseromstekster, og individuelle elevtekster, for å skaffe seg innsikt i korleis elevane lærer,

- skal utvikle kompetanse til å kunne vurdere lærebøker og andre læremiddel i norsk, og utvikle forståing for korleis ulike arbeidsformer og læremiddel heng saman med den språklege utviklinga og læringa til elevane.

 

Krav til forkunnskapar

Fagdidaktikk i norsk 1 (DIDANOR1) byggjer på ein bachelorgrad med eit faggrunnlag i norsk som tilsvarar minst 100-nivå i nordisk språk og litteratur.

 

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

- Minst 24 timar førelesingar

- 4 timar fellesførelesingar i språkdidaktikk

- Minst 3 timar undervisningsverkstad

 

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 

Vurderingsformer

Mappevurdering med to tekstar: til saman ca 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppmelding til eksamen skjer samstundes med registreringa i byrjinga av semestret. Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget blir rett og god språkføring vektlagd. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjeve på Mitt UiB.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

 

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum tilsvarer ca. 400 sider av normal vanskegrad. Av desse eit utval sider sams for alle språkfaga.

 

 

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.no Tlf: 55 58 24 00