Emner: DIDANORAN1 Fagdidaktikk i norsk som andrespråk 1 - Høst 2017




Studiepoeng

7.5

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Fagdidaktikk i norsk som andrespråk inngår som ein del av lærarutdanninga på universitetet.

Grunnleggjande spørsmål i faget er kva norskfagleg kunnskap er i ein andrespråkskontekst,

korleis slik kunnskap vert utvikla i høve til ulike elevgrupper, og kvifor slik kunnskap er viktig å utvikle i det norske samfunnet. Det blir lagt vekt på å få fram korleis faget målber

viktige danningsmål i samfunnet og korleis den norskfaglege kompetansen gir grunnlag for læring og deltaking på alle arenaer i det norske samfunnet. Eit viktig spørsmål er korleis

norskfagleg kompetanse kan utviklast i høve til ulike elevgrupper med ulik kulturell og språkleg bakgrunn og med ulik tekstkompetanse. Refleksjon rundt slike spørsmål er naudsynt for ein norsklærer som skal planleggje og gjennomføre god norskundervisning på ein profesjonell

måte.

Fagdidaktikk i norsk som andrespråk er organisert slik at mykje av undervisninga er tilbod på

tvers av språkfaga. Slik vil ein vise fram ein felles kunnskapsteoretisk samanheng mellom

norsk, norsk som andrespråk og framandspråk. Dersom studentgruppa er større enn fire studentar, vert det tilbydt eigne førelesingar for gruppa.

 

Læringsutbyte

Studiet har fire målområde:

- Norsk som andrespråk som danningsfag og reiskapsfag

- Læringsgang og tilpassa opplæring

- Rettleiing og vurdering av munnleg og skriftleg tekst

- Tekstkompetanse og tospråklegheit

 

Gjennom studiet skal studentane utvikle eit fagsyn. Med utgangspunkt i læreplanar i norsk og i norsk som andrespråk skal dei kunne grunngi målsetnader for faget i eit kultur- og danningsperspektiv, utvikle evne til å reflektere over og vurdere eiga undervisning for stadig å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i faget. Dei skal kunne skape vilkår for å utvikle ein klasseromskultur som fremjar læring, utforsking og utvikling hos elevane, og kunne ta i bruk eit breitt register av strategiar for å fremje språkkompetansen og kulturkompetansen hos elevane. Dei skal kunne vurdere lærebøker og andre læremiddel i norsk som andrespråk, og utvikle forståing for korleis ulike arbeidsformer i høve til læremiddel heng saman med den språklige utviklinga og læringa til elevane. Dei skal utvikle kunnskap om og innsikt i hensiktsmessig rettleiing og vurdering knytt til elevane sine munnlege og skriftlege tekster, og ha innsikt i læringsprosessar knytt til tospråklegheit, mellomspråk og samanhenger mellom

kulturbakgrunn og tekstkompetanse. Dei skal kunne diskutere korleis tospråklegheit og ulike forhold til skriftkultur i ein fleirkulturell elevgruppe kan påverke arbeid i norskfaget.

 

Krav til forkunnskapar

Fagdidaktikk i norsk som andrespråk 1 (DIDANORAN1) byggjer på ein bachelorgrad med eit faggrunnlag i norsk som andrespråk som tilsvarar minst 100-nivå.

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Undervisninga blir organisert som førelesingar, seminar og verkstadsorientert arbeid. IKT blir tatt i bruk for å skape nye arenaer for samarbeid og utveksling av tekstar. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon av og / eller framlegging av eigne arbeid. Studentane får rettleiing både frå medstudentar og frå lærarar på arbeida sine.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å leggje fram erfaringar på undervisningsverkstad og å levere inn førsteutkast av den eine teksten i eksamensmappa.

Vurderingsformer

Mappevurdering med to tekstar: til saman ca 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Rett og god språkføring blir vektlagt.

Oppgåva skal leverast elektronisk på Mitt UiB.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum tilsvarar ca. 400 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.no