Emner: DIDASPA1 Spanskdidaktikk 1 - Høst 2017
Studiepoeng
7.5Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor og master
Undervisningsspråk
Spansk og norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Fagdidaktikk i spansk inngår som ein del av spansklærarutdanninga ved universitetet. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i spansk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.
Eit grunnleggjande spørsmål er korleis spanskfagleg kunnskap kan verte utvikla og relatert til det å vere spansklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring.
Studiet er organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga for å understreke ein kunnskaps-teoretisk samanheng og danningsmålsetjingar som er sams for språkfaga i skolen.
Studiet inneheld fire målområde:
- Faget si legitimering i skolen i dag
- Teoriar om språklæring
- Tilrettelegging for spansklæring
- Rettleiing og vurdering
Læringsutbyte
Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i spanskfaget sitt kultur- og danningspotensial og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving i skolen. Dei skal setje seg inn i teoriar om språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med læring i spansk. Dei skal vere i stand til å undersøkje elevane si spansklæring og vilkår for spansklæring i skolen.
Studentane skal:
- ha kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i spansk,
- kunne undersøkje og drøfte spansklæring i lys av kunnskap innanfor dei spanskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg,
- utvikle evna til å rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst, kultur og framandspråksutvikling, og kunne vurdere elevane sitt læringsutbyte,
- utvikle evne til å reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i spansk, irekna den digitale kompetansen.
- vurdere læremiddel og arbeidsformer i spanskfaget i relasjon til læreplanen for faget, og kunne grunngi val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori.
- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på spansk innan fagfeltet.
Krav til forkunnskapar
Fagdidaktikk i spansk 1 byggjer på ein bachelorgrad der spansk inngår på minst 100-nivå.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Opptak til 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
- Om lag 24 timar førelesingar inkl. om lag 4 timar førelesingar i felles språkdidaktikk
- Minst 3 timar undervisningsverkstad
- Rettleiing
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Undervisninga er både virtuell og ansikt til ansikt.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen må studentane innan fastsette tidsfristar:
- ha tatt aktivt del i ein forumdiskusjon på nettet der sentrale fagdidaktiske spørsmål vert drøfta i lys av eigne praksiserfaringar og fagdidaktisk teori.
- ha publisert praksisloggar i praksisperioden
- ha lagt fram undervisningsopplegg på undervisningsverkstad.
Det er obligatorisk frammøte på minst 75 % av undervisinga, og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.
Vurderingsformer
Eksamensforma er rettleidd mappevurdering. Heimeeksamen skal ha eit omfang på om lag 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, og skal innehalde ein til tre tekstar. Ein kan nytte norsk eller spansk.
Kandidaten må levere ei sterkt omarbeidd oppgåve dersom ein skal levere på nytt i same emne.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er på 375 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga. Resten er fagspesifikk. Av dette skal studenten foreslå eit visst tal sider i samråd med faglærar. Pensumlista skal godkjennast av faglærar innan et fastsett tidspunkt.
Emneevaluering
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no