Emner: DIDATYS1 Tyskdidaktikk 1 - Høst 2017




Studiepoeng

7.5

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningsspråk

 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Fagdidaktikk i tysk inngår som ein del av universitetet si tysklærarutdanning. Sentralt i studiet er spørsmål knytt til elevane si kompetanseutvikling i tysk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling. Eit grunnleggjande spørsmål er korleis studenten kan utvikle og relatere tyskfagleg kunnskap til det å vere tysklærar. Spesielt viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å tilretteleggje for språklæringa til elevane.

 

Studiet er organisert slik at ein har noko undervisning på tvers av språkfaga for å understreke ein felles kunnskapsteoretisk samanheng og med tanke på felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.

 

Studiet inneheld fire målområde:

- Legitimeringa til faget i dagens skole

- Teoriar om språklæring

- Tilrettelegging for tysklæring

- Rettleiing og eigenvurdering

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studantene utvikle innsikt i kultur- og danningspotensialet til tyskfaget og kunne gjere greie for utforminga i skolen. Dei skal setje seg inn i teoriar om språklæring og kunne ta stilling til desse i arbeidet med elevane si tysklæring. Dei skal vere i stand til å undersøke tysklæringa til elevane og føresetnader for tysklæring i skolen. Studentane skal utvikle evne til å planlegge og leggje til rette for tysklæring med omsyn til nasjonale læreplanar og elevar sine ulike læringsmåtar. Studentane skal utvikle evne til å rettleie elevane i deira læring og utvikle elevane si innsikt i eiga læring.

Krav til forkunnskapar

Tyskdidaktikk 1 byggjer på bacheloreksamen der tysk inngår på minst 100-nivå.

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

- 26 timar førelesingar

- om lag seks timar fellesførelesingar i språkdidaktikk

- Minst tre timar undervisningsverkstad

- Rettleiing

Undervisninga er både nettbasert og i form av førelesingar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i tysk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar.

1. Intervju med tyskelevar

2. Presentasjon av undervisningsopplegg

3. Skriftleg arbeid som drøftar ei tyskdidaktisk problemstilling

Vurderingsformer

Eksamensforma er rettleidd mappevurdering. Eksamensmappa skal ha eit omfang på om lag 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til læringsmåla til faget. Av desse er eit utval felles for språkfaga. I samråd med faglærar kan studentane velje eit visst tal sider knytt til oppgåva.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no