Emner: ENERGI101 Introduksjon til energikilder og forbruk - Vår 2017




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane ein introduksjon til og oversikt over ulike energiressursar, og deiras bruk. Emnet skal formidle forståing for bidraget frå ulike energikjelder til nasjonal og global energiforsyning og korleis energien brukast.

 

Innhald:

Emnet diskuterer sentrale fornybare energikjelder som solenergi, vindenergi, vannkraft, energi frå tidevann og bølgjer, bioenergi og geotermisk energi. I tillegg vil ein diskutere kjernekraft og fossile energikjelder saman med CO2-fangst og lagring. Dei ulike energikjeldene vil bli satt inn eit bærekraft og økonomi-perspektiv. Prinsippet for livssyklusanalyse vil bli introdusert. Emnet vil gje ein oversikt over nasjonal og global energiproduksjon og forbruk og projeksjonar fram i tid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

-kan gjere greie for ulike energiressursar og deiras relative rolle i den globale energiforsyning

-kan gjere greie for kordan energi brukast og tilhøyrande krav til energiforsyninga

 

Ferdigheiter

Studenten

-kan gjere enkle overslag på tilgjengeleg energi fra ulike ressursar

-kan gjere overslag på energikostnad

 

Generell kompetanse

Studenten

-kan gjere greie for grunnleggjande utfordringar knytta til utviklinga av global energibruk

Studiepoengsreduksjon

ENERGI200: 10 sp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det eit krav om at du har ein studierett knytt til Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

4 forelesningar, 1 øving per veke.

Øvingene inkluderer rekneoppgåver knytt til forelesningane og diskusjon av aktuelle tema.

I tillegg vil det vere ekskursjonar til energi-bedrifter og anlegg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2/3 av øvingane må vere levert og godkjent for å ta eksamen.

Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4t. Ved mindre enn 10 kandidatar kan munnleg eksamen avholdast.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i reglane ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

energi-siving@uib.no