Emner: ENERGI200 Energiressurser og -forbruk - Vår 2017




Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Ulike energikjelder blir behandla. Fornybare energikjelder som solenergi, vindenergi, vasskraft, energi frå tidevatn og bølgjer, bioenergi og geotermisk energi står sentralt. I tillegg vil emnet ta for seg kjernekraft og fossile energikjelder saman med CO2-fangst og lagring. Berekningar knytt til analyse av ulike energisystem og vurdering av ulike energikjelder vil vere gjennomgåande for heile kurset. Emnet gir også ei oversikt over nasjonalt og internasjonalt energiforbruk og energiproduksjon, og projeksjonar framover i tid.

Læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studentane kunne:

 

Krav til forkunnskapar

MAT111 Grunnkurs i matematikk 1 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

PHYS113 Mekanikk 2 og termodynamikk/KJEM210 Kjemisk termodynamikk eller tilsvarande. Gode kunnskapar i fysikk, geofysikk, kjemi eller matematikk er ein føremon.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar 4 t per veke

Rekneøvingar 1 t per veke

Ekskursjon totalt opptil 3 dagar

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på ekskursjon.

Vurderingsformer

Skriftleg, 4 timar. Dersom mindre enn 10 studentar kan det bli arrangert muntleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel på eksamen:Enkel kalkulator i tråd med modell(ar) lista i retningslinjene til fakultetet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Energimaster@gfi.uib.no

Institutt

Geofysisk institutt