Ved fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har vidarekomen kunnskap om engelsk språkstruktur og om sentrale omgrep innan syntaks og morfologi
Dugleikar
Studenten
- kan bruka kunnskapane til å analysera språkleg materiale
- har ei god forståing av- og kan meistre eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat
Generell kompetanse
Studenten
- har nok kompetanse til å kunna vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av lingvistikk på 200-nivå
- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språk og kommunikasjon. Merk òg at ENG107 byggjer på ENG114 og undervisninga føreset at studentane har fullført dette emnet eller har tilsvarande kunnskapar.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.
For exchange students:
Qualified applicants have to pass a diagnostic test when arriving in Bergen (more information about the test will be sent to applicants by email).
Forelesing og grupper: opp til 36 timar.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Det blir arrangert eksamen kvart semester. Regulær eksamen på slutten av haustsemesteret og utsett eksamen midt i vårsemesteret. Eksamen er ein tre timars skoleeksamen. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Skoleeksamen kan bli digital.