Emner: ENG108 Engelsk som verdensspråk - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ENG108 skal gi kunnskap om ulike sosiale, politiske og globale aspekt ved engelsk språk. Emnet skal òg gi studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat som arbeidsreiskap.

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten

- har kunnskap om ulike sosiale, politiske og ideologiske aspekt ved språket

- kan drøfte framveksten av engelsk som eit verdsspråk

 

Dugleikar

Studenten

- har ei god forståing av- og kan meistre eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat

 

Generell kompetanse

Studenten

- har nok kompetanse til å kunna vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av lingvistikk på 200-nivå

- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100, EXFAC00SK Språk og kommunikasjon, ENG114 og ENG115, eller har tilsvarande kunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapping kan ein ikkje få utteljing for ENG108 i kombinasjon med ENG104 (5 stp), ENG106 (5 stp), ENG106L (5 stp), ENG111 (5 stp) og ENG112 (5 stp).

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

For exchange students:

Qualified applicants have to pass a diagnostic test when arriving in Bergen (more information about the test will be sent to applicants by email).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesing: opp til 24 timar

 

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske oppgåver, men kvar student kan få levere inn ei skriftleg oppgåve.

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen kvart semester. Regulær eksamen på slutten av haustsemesteret og utsett eksamen midt i vårsemesteret. Eksamen er ein tre timars skoleeksamen. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum omfattar ei innføring i engelsk som verdsspråk.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon