Emner: ENG109 Varianter av engelsk - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ENG109 byggjer på ENG114 og ENG115 (ENG101). Emnet skal gi studentane kunnskap om og innsikt i språklege særtrekk ved ulike internasjonale variantar av engelsk. Emnet skal òg gi studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat som arbeidsreiskap.

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten

- har detaljert kunnskap om språklege særtrekk ved ulike variantar av engelsk

- kan skildre desse variantane på ein presis måte

 

Dugleikar

Studenten

- har ei god forståing av- og kan meistre eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat

 

Generell kompetanse

Studenten

- har nok kompetanse til å kunna vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av lingvistikk på 200-nivå

- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språk og kommunikasjon. Merk òg at ENG109 byggjer på ENG114 og ENG115 og undervisninga føreset at studentane har fullført desse emna eller har tilsvarande kunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapping kan ein ikkje få utteljing for ENG109 i kombinasjon med ENG105 (5 stp), ENG106 (5 stp), ENG111 (5 stp) og ENG112 (5 stp).

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

For exchange students:

Qualified applicants have to pass a diagnostic test when arriving in Bergen (more information about the test will be sent to applicants by email). 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesing:opp til 24 timar

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske oppgåver, men kvar student kan få levere inn ei skriftleg oppgåve.

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen kvart semester. Regulær eksamen på slutten av haustsemesteret og utsett eksamen midt i vårsemesteret. Eksamen er ein tre timars skoleeksamen. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen. 

Skoleeksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum omfattar ei innføring i ulike internasjonale variantar av engelsk.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no