Emner: ENG122 Amerikansk litteratur og kultur - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei allmenn historisk innføring i amerikansk litteratur, kultur, og samfunnsutvikling.

 

Studiet har som mål å gi auka kunnskap om mangfaldet i amerikansk kultur i eit historisk perspektiv, og dessutan forståing av grunnleggande premissar for utviklinga av litteraturen og samfunnet. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk.

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten

 

 

Dugleikar

Studenten

 

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språk og kommunikasjon.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapping kan ein ikkje få utteljing for ENG122 i kombinasjon med ENG122L (10 stp).

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

 

For exchange students:

Qualified applicants have to pass a diagnostic test when arriving in Bergen (more information about the test will be sent to applicants by email).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesing og seminar: opp til 72 timar.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I tilknyting til seminara skal studentane skrive ei rettleidd oppgåve, som må vere godkjent for at studenten kan gå opp til eksamen i emnet (sjå Vurderingsformer). Oppgåva skal ha eit omfang på 1500 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med den skriftlege oppgåva. Rettleiinga blir gitt i tilknyting til seminarundervisninga.

Studentane vel oppgåve å arbeida med frå utarbeidde oppgåvealternativ og retningslinjer, og dei skal levere oppgåva til fastsett tid og møte til rettleiing etter retningslinjer fastsette av instituttet og faglæraren. Studentar som ikkje har oppfylt krava om rettleiing og fått godkjent oppgåva innan fastsette fristar, får ikkje gå opp til eksamen.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige t.o.m. eitt semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen kvart semester: på slutten av haustsemesteret og midt i vårsemesteret.

Eksamen i emnet er ein 5 timars skoleeksamen, der studenten blir prøva i heile pensumet.

Studentar som ikkje har oppfylt krava om rettleiing (sjå obligatoriske arbeidskrav), misser retten til å ta eksamen i emnet.

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved skoleeksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum omfattar litterære periodar, historiske hendingar og representative tekstar innan skjønnlitteratur og sakprosa frå 1600-talet til våre dagar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon