Emner: EUR101 Examen facultatum - Innføring i europeisk historie og politikk - Vår 2017




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk, svensk og engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk er eit samarbeid mellom Historisk institutt og Institutt for samaliknande politikk. Emnet er sett saman av to hovuddeler:

1. Idear og førestillingar om Europa frå antikken til andre verdskrig.

2. Europeisk politisk historie og det europeiske integrasjonsprosjektet etter 1945.

Læringsutbyte

 

Etter å ha avslutta emnet skal studentane kunne:

 

- Gjere greie for korleis idear og førestillingar om Europa har utvikla seg frå antikken til i dag.

- Gjere greie for og diskutere den moderne politiske historia i Europa med hovudvekt på det europeiska integrasjonsprosjektet frå 1945 til i dag.

- Gjere greie for og diskutere det politiske systemet og dei sentrale politiske institusjonane i EU.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og seminargrupper

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet blir evaluert jamleg

Kontaktinformasjon

Institutt for samanliknande politikk, e-post: studieveileder@isp.uib.no.