Emner: FARM103 Samfunnsfarmasi I - Høst 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset skal gje ei innføring i farmasiens historie, farmasi som profesjon og farmasøytar si utdanning og rolle i helsetenesta. Sentrale aspekt ved lovverk, etikk og kommunikasjon vil verte berørt. Kurset skal gje basiskunnskap om legemiddel med meir (framstilling, bruk, overvaking) og om helsetenesta og legemiddelfeltet, apoteksektoren inkludert.

Kurset skal gje innsikt i helse- og sjukdomsomgrep og sosial ulikskap i helse, samt innsikt i globale helseutfordringar og farmasiens rolle i desse.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført dette emnet skal studentane kunne

- skildre sentrale utviklingstrekk i farmasiens historie

- skildre kva som kjenneteiknar ein profesjon og diskutere profesjonsetiske utfordringar

- skildre helsetenesta generelt og legemiddelfeltet og apoteksektoren spesielt

- diskutere ulike helse- og sjukdomsomgrep

- identifisere grunner til sosial ulikskap i helse, nasjonalt og internasjonalt

- skildre placeboeffekt, etterleving, eigenomsorg, og feilbruk av legemiddel, samt legemiddelbruk i ulike livsfasar.

- ha kunnskap og ferdigheiter om grunnleggjande førstehjelp

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på Integrert masterprogram i farmasi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, gruppearbeid, Problembasert læring (PBL) med gruppevis munnleg presentasjon, hospitering og bedriftsbesøk

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på førelesingar(Maksimalt 20 % fråvær frå førelesningar tillates).

Obligatorisk utplassering i apotek

Obligatoriske sjølvstendige oppgåver

Obligatoriske PBL / gruppeoppgåver

Delta på obligatorisk førsthjelpskurs

Vurderingsformer

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Mappeinnlevering.

Karakterskala

Mappa vurderas bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Min side.

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: mailto:studie@igs.uib.nostudie@igs.uib.no

Emneansvarlig Lone Holsthttp://www.uib.no/personer/Lone.Holst

http://www.uib.no/personer/Lone.Holsthttp://www.uib.no/personer/Lone.Holst#

Institutt