Emner: FIL126 Introduksjon til språkfilosofi - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Filosofi har til alle tider vore opptatt av kva for ei rolle språket speler for kunnskap, for grunngjeving og for korleis vi oppfattar verda ikring oss. I nyare tid har spørsmål om språkleg meining og referanse og om tilhøvet mellom språk, omgrep, logikk, tenkning, erfaring og røynsle vore sentrale. Sidan forrige hundreåret har mange også sett språkleg analyse som filosofiens grunnleggjande metode. Derfor er det naudsynt å ha kjennskap til moderne språkfilosofi for å kunne orientere seg i samtidsfilosofien.

FIL126 skal gje studentane eit oversyn over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i språkfilosofi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det vil ofte vere aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor språkfilosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i moderne språkfilosofi.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane kunne kjenne att og formidle innsikt i grunnleggjande problemstillingar og argument innan språkfilosofi i ulike samanhengar.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

 

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk. FIL126 bør takast i samband med eller etter FIL120 (Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida) og FIL121 (Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet)

Studiepoengsreduksjon

FIL126 overlappar med FIL103.htmlFIL103 (Logikk, språk- og vitskapsfilosofi).

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Gruppevis munnleg innlegg på seminar.

Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.

Vurderingsformer

Studentane skal ha ei heimeeksamen på to dagar. Eksamenssvaret skal vere på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum er innføringsverk og utvalde tekstutdrag.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.nostudierettleiar@fof.uib.no