Emner: FRAN105 Fransk litteratur (lektorutdanningen) - Høst 2017




Studiepoeng

5.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Fransk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Litteraturemnet gir ei innføring i fransk litteratur og

litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram mot vår tid.

Litteraturstudiet skal vidareutvikle studentanes evne til å

lese og tolke litterære verk gjennom øving i litterær analyse

og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I

studiet av tekstene blir det lagt vekt på dei litterære og

språklege verkemidla og korleis tekstene er knytte til fransk

historie, kultur og samfunn.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studentane bør ta våremna FRAN101 og FRAN103 før haustemna FRAN105, FRAN106 og FRAN114. For å gjennomføre emnet på normert tid med godt resultat, trengs det forkunnskapar som svarer til minst nivå 2 i fransk frå vidaregåande skole.

Studiepoengsreduksjon

FRAN102 (5 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Sentrale delar av pensum blir gjennomgått på førelesingar og i seminarform. Studentane arbeider dessutan med eit dataprogram som gir innføring i lyrikkterminologi og tekstanalyse.

Ein del av undervisninga fell saman med undervisninga på FRAN102.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal skrive ei obligatorisk øvingsoppgåve på fransk (ca 1500 ord) i løpet av semesteret. Oppgåva blir delt ut nokre veker etter semesterstart, med innlevering 8-10 veker seinare. Datoane blir kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag på emnets elektroniske heimeside. Oppgåva skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.

Studentane skal levere pensumliste for poesiutvalet innan 1. november.

Vurderingsformer

Eksamensforma er heimeeksamen (7 dagar) med oppgjeve emne, ca. 2000 ord. Retningsliner for oppgåva vert gjevne i studiet. Oppgåva skal skrivast på fransk.

Ein føresetnad for å kunne ta eksamen i eit undervisningsfritt semester (våren) er at ein har fått godkjend den obligatoriske øvingsoppgåva i undervisningssemesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

a) Tekstpensum
Eit utval franskspråkleg skjønnlitterær prosa frå det 17. og fram til det 21. hundreåret. 7 sider lyrikk frå det 19. og fram til det 21. hundreåret. I tillegg kjem eit drama frå det 17. hundreåret.

http://www.uib.nowww.uib.no og Mitt UiB ligger det opplysningar om kva tekster som til ein kvar tid er pensum.

b) Litteraturhistorie

Studenten les utdrag av ei innføring i fransk litteraturhistorie frå det 17. og fram mot vår tid. Studentane må og sjølve skaffe seg grundigare kjennskap til forfattarane som er lagt opp på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst på internett, i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

mailto:studierettleiar@if.uib.nomailto:studierettleiar@if.uib.no

mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no