Litteraturemnet gir ei innføring i fransk litteratur og
litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram mot vår tid.
Litteraturstudiet skal vidareutvikle studentanes evne til å
lese og tolke litterære verk gjennom øving i litterær analyse
og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I
studiet av tekstene blir det lagt vekt på dei litterære og
språklege verkemidla og korleis tekstene er knytte til fransk
historie, kultur og samfunn.
Etter fullført emne:
Kandidaten
Sentrale delar av pensum blir gjennomgått på førelesingar og i seminarform. Studentane arbeider dessutan med eit dataprogram som gir innføring i lyrikkterminologi og tekstanalyse.
Ein del av undervisninga fell saman med undervisninga på FRAN102.
Studentane skal skrive ei obligatorisk øvingsoppgåve på fransk (ca 1500 ord) i løpet av semesteret. Oppgåva blir delt ut nokre veker etter semesterstart, med innlevering 8-10 veker seinare. Datoane blir kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag på emnets elektroniske heimeside. Oppgåva skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.
Studentane skal levere pensumliste for poesiutvalet innan 1. november.
Eksamensforma er heimeeksamen (7 dagar) med oppgjeve emne, ca. 2000 ord. Retningsliner for oppgåva vert gjevne i studiet. Oppgåva skal skrivast på fransk.
Ein føresetnad for å kunne ta eksamen i eit undervisningsfritt semester (våren) er at ein har fått godkjend den obligatoriske øvingsoppgåva i undervisningssemesteret.
a) Tekstpensum
Eit utval franskspråkleg skjønnlitterær prosa frå det 17. og fram til det 21. hundreåret. 7 sider lyrikk frå det 19. og fram til det 21. hundreåret. I tillegg kjem eit drama frå det 17. hundreåret.
På
b) Litteraturhistorie
Studenten les utdrag av ei innføring i fransk litteraturhistorie frå det 17. og fram mot vår tid. Studentane må og sjølve skaffe seg grundigare kjennskap til forfattarane som er lagt opp på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst på internett, i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.