Emner: FRAN115 Fonetikk og samfunnskunnskap - Høst 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

 Norsk og fransk

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen og Caen

Mål og innhald

 Emnet har to komponentar:

(1) Franske samfunnstilhøve

(2) Fransk uttale (lesedugleik) knytt til eit pensum i fonetikk

Emnet skal:

(a) øva opp evna til å samtala på fransk om det franske samfunnet og samfunnsdebatten i dag.

(b) gje studentane ei god fransk uttale, styrkja lesedugleiken deira og gjera dei i stand til å gjera greie for hovudprinsippa i fransk uttale.

(c) gje studentane erfaring med sjølvstendig oppgåveskriving på fransk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane

(a) ha inngåande kjennskap til konstitusjonelle, politiske, kulturelle og sosiale tilhøve ved det franske samfunnet i dag og

(b) kjenna til hovudprinsippa i fransk uttale.

 

Studentane skal

(a) vera i stand til å samtala på fransk om det franske samfunnet og samfunnsdebatten i dag,

(b) ha ei god fransk uttale og

(c) vera i stand til å skriva ein lengre akademisk tekst om franske samfunnstilhøve på fransk.

 

Studentane skal vera i stand til å følgja med i og kunna vurdera fransk samfunnsdebatt ut frå dei kunnskapane dei har fått.

 

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skole.

Studentane bør ta våremna FRAN101 og FRAN103 før dei tek til med haustemna FRAN102 og FRAN115.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kvar haust organiserer instituttet eit 7-vekers opphald for studentane i FRAN115 ved Det norske studiesenteret i Caen, med gjennomgang av pensum i franske samfunnstilhøve og fonetikk. Grunnkurset i fonetikk gjev dei viktigaste prinsippa for artikulasjon, lydsystem, rytme og intonasjonsmønster. For dei som ikkje kan følgja FRAN115 i Caen blir det gitt om lag 24 førelesingstimar i samfunnskunnskap og 12 førelesingstimar i fonetikk i løpet av dei 7 vekene dei andre studentane er i Caen. Samstundes blir det gitt om lag 6 timar praktiske øvingar i gruppe.  

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må levera inn og få godkjent ein skriftleg oppgåve i undervisningssemesteret før dei kan gå opp til munnleg og skriftleg eksamen. I samband med heimeeksamen skal det vere minst eitt rettleiingsmøte.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

1) Munnleg eksamen knytt til pensum i franske samfunnstilhøve og i fonetikk. Eksamen inneheld ei samtale på grunnlag av ein ukjend tekst med emne knytt til pensum i samfunnskunnskap. Kandidatane får teksten om lag 30 minutt før eksamen. Emnekunnskap og språkleg dugleik tel likt i vurderinga av den munnlege prestasjonen.

Eksamen inneheld òg høgtlesing av ein tekst der studenten må kommentera uttala, og spørsmål frå det teoretiske pensumet i fonetikk.


2) Skriftleg heimeeksamen (ein veke, 1000 ord) om franske samfunnstilhøve. Teksten skal skrivast på fransk.

Munnleg eksamen og heimeeksamen tel kvar halparten av samla karakter i emnet. Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.  

Vurderingssemester

Litteraturliste

I tillegg til pensum i franske samfunnstilhøve/munnleg fransk er det ein føresetnad at studenten har generell kjennskap til fransk kultur og samfunn. Dette kan ein skaffa seg t.d. ved å følgja med på fransk radio og fjernsyn, lesa franskspråklege aviser og bruka internett.

Ein finn informasjon om pensum på Mitt UiB.  

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

mailto:studierettleiar@if.uib.nomailto:studierettleiar@if.uib.no

mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no