Emnet har to komponentar:
(1) Franske samfunnstilhøve
(2) Fransk uttale (lesedugleik) knytt til eit pensum i fonetikk
Emnet skal:
(a) øva opp evna til å samtala på fransk om det franske samfunnet og samfunnsdebatten i dag.
(b) gje studentane ei god fransk uttale, styrkja lesedugleiken deira og gjera dei i stand til å gjera greie for hovudprinsippa i fransk uttale.
(c) gje studentane erfaring med sjølvstendig oppgåveskriving på fransk.
Etter fullført emne skal studentane
(a) ha inngåande kjennskap til konstitusjonelle, politiske, kulturelle og sosiale tilhøve ved det franske samfunnet i dag og
(b) kjenna til hovudprinsippa i fransk uttale.
Studentane skal
(a) vera i stand til å samtala på fransk om det franske samfunnet og samfunnsdebatten i dag,
(b) ha ei god fransk uttale og
(c) vera i stand til å skriva ein lengre akademisk tekst om franske samfunnstilhøve på fransk.
Studentane skal vera i stand til å følgja med i og kunna vurdera fransk samfunnsdebatt ut frå dei kunnskapane dei har fått.
For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skole.
Studentane bør ta våremna FRAN101 og FRAN103 før dei tek til med haustemna FRAN102 og FRAN115.
Eksamen er todelt:
1) Munnleg eksamen knytt til pensum i franske samfunnstilhøve og i fonetikk. Eksamen inneheld ei samtale på grunnlag av ein ukjend tekst med emne knytt til pensum i samfunnskunnskap. Kandidatane får teksten om lag 30 minutt før eksamen. Emnekunnskap og språkleg dugleik tel likt i vurderinga av den munnlege prestasjonen.
Eksamen inneheld òg høgtlesing av ein tekst der studenten må kommentera uttala, og spørsmål frå det teoretiske pensumet i fonetikk.
2) Skriftleg heimeeksamen (ein veke, 1000 ord) om franske samfunnstilhøve. Teksten skal skrivast på fransk.
Munnleg eksamen og heimeeksamen tel kvar halparten av samla karakter i emnet. Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.
I tillegg til pensum i franske samfunnstilhøve/munnleg fransk er det ein føresetnad at studenten har generell kjennskap til fransk kultur og samfunn. Dette kan ein skaffa seg t.d. ved å følgja med på fransk radio og fjernsyn, lesa franskspråklege aviser og bruka internett.
Ein finn informasjon om pensum på Mitt UiB.