Emner: GEOF212 Fysisk klimatologi - Høst 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Undervisningssemester

Haust (Fargekode: blå)

 

 

 

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet fysisk klimatologi gir kunnskap både om dagens klima og om klimavariasjonar i fortid, notid og framtid. Det fokuserer på dei fysiske prinsippa som styrer det globale energibudsjettet, rollane til sirkulasjonen i atmosfæren og havet og vekselverknaden mellom dei ulike komponentane i klimasystemet. I kurset vil ein studere korleis endringar i overflatetype (is, snø, vegetasjon etc.), i atmosfæren si samansetjing (gass og partiklar), i skyer eller i astronomiske forhold kan føre til klimavariasjonar. I tillegg vil ulike metodar for å studere klimavariasjonar og moglege verknadar av menneskeleg aktivitet på det globale klimaet bli diskutert.

Læringsutbyte

Ved fullført emne GEOF212 skal studenten kunne:

- definere og forklare sentrale begrep innanfor fysisk klimatologi

- forklare det globale energibudsjettet

- forklare dei grunnleggjande fysiske mekanismane bak storstilte klimavariasjonar

- gjere berekningar av jordas følsemd for variasjonar i eksterne pådrag slik som frå sol, vulkanar og variasjonar i drivhusgassar

- greie ut om dei viktigaste tilbakekoplingsmekanismane i klimasystemet

- forklare mekanismane bak interne klimavariasjonar

- greie ut om dei viktigaste elementa i globale klimamodellar og kjelder til usikkerhet

Krav til forkunnskapar

GEOF105 og GEOF110 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte på 70 prosent av øvingane er obligatorisk. Unntak kan bli innvilga etter søknad til programstyret for meteorologi og oseanografi.

Vurderingsformer

Presentasjon av prosjektoppgåve tel 20% av sluttkarakteren, gyldig i inneværande og påfølgjande semester. Skriftleg slutteksamen, 4 timar; tel 80% av sluttkarakteren og må vere bestått.
Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel kalkulator i tråd med fakultet sine reglar. Dersom færre enn 10 påmelde, kan det bli munnleg eksamen.

 

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Fagleg overlapp med AGF-213 (5 ECTS) og AGF-214 (5 ECTS) på UNIS. Saman vil emna gi fritak for GEOF212 i Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no