Emner: GEOF213 Atmosfærens og havets dynamikk - Høst 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet byggjer på GEOF110 (innføring i atmosfærens og havets dynamikk). Dei grunnleggjande likningane vil verta studert og skalert for ulike fenomen i geofysisk væskedynamikk. Verknaden av vår roterande jord vil verta introdusert i dei dynamiske likningane. Geostrofisk og vinddriven Ekmanstraum vil verta diskutert. I tillegg vil likningane for tyngdebølgjer og potensielle kvervlingsbølgjer verta studert og analysert. Barotrop ustabilitet, og baroklin ustabilitet, uttrykt ved hjelp av dei kvasi-geostrofiske likningane, vil også verta introdusert.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunna
- forklara og diskutera dei grunnleggjande prinsippa til storskala sirkulasjon på ein roterande planet
- forstå grunnprinsippa knytt til bølgjer i atmosfæren og i havet
- skalera og forenkla dei grunnleggjande likningane med mål om å løysa viktige, dynamiske problem
- formulera og løysa problem ved hjelp av dei kvasigeostrofiske likningane
- nytta Ekman-teorien for å rekna på ulike typar vindpådrag
- utleia og nytta dispersjonsrelasjonar for tyngdebølgjer og potensiell kvervlingsbølgjer
- nytta bølgjeteori på overflate og interne bølgjer
- forstå prinsippa bak barotrop og baroklin ustabilitet

Krav til forkunnskapar

GEOF110 og MAT212

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Regelmessig oppmøte på rekneøvingar med presentasjon av eigne løysingar. Obligatorisk midtvegseksamen, skriftleg.

Vurderingsformer

Skriftlig midtvegseksamen, tel 20% av sluttkarakteren og er gyldig i to semester. Skriftleg eksamen, 5 timer, tel 80% og må vere bestått. Dersom færre enn 10 påmelde, kan det bli munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen er enkel kalkulator i samsvar med modell(ar) oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

GEOF320, GEOF326, GEOF330: 10sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Geofysisk institutt:

Studeirettleiar@gfi.uib.no