Emner: GEOF236 Kjemisk oseanografi - Høst 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gir ei innføring i kjemisk oseanografi og relevante metodar innan analyse og modellering. Karbonsyklusen der både den naturlege og menneskepåverka delen av systemet blir gjennomgått. Sentrale tema er havet sin generelle sirkulasjon (den termohaline sirkulasjon) og produksjon, remineralisering og eksport av biologisk materiale. Radiometriske og stabilisotopiske fordelingar blir brukt til fastsetting av alder, blandingsfartar og adveksjon av kjemiske stoff. Gassutveksling mellom luft og hav, den biologiske karbonpumpa og næringssalt-syklusane (m.a. nitrogen, fosfor og silikat) er også sentrale tema.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:
- rekne ut opptak av karbon både naturleg og antropogent i eit atmosfære-havsystem ved hjelp av analytiske data og modell
- systematisere kjemisk-oseanografiske data for å identifisere kva prosessar som ligg bak fordeling av kjemiske stoff i havet
- bruke støkiometri for å rekne ut korleis den biologiske pumpa påverkar fordeling av kjemiske stoff i havet
- forstå kva prosessar som er viktige for gassutveksling mellom luft og hav
- samanfatte eksperimentelle data i ein kort laboratorierapport
- samanfatte tolking av modellresultat i ein kort rapport

Krav til forkunnskapar

GEOF130, GEOF105 eller tilsvarande.

 

 

Tilrådde forkunnskapar

KJEM110, KJEM120

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rekneøvinger og laboratoriekurs

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Dersom fleire enn 15 påmeldte kan det blir skriftlig eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet på studierettleiar@gfi.uib.no