Emner: GEOF346 Tidevannsdynamikk og havnivåvariasjoner - Vår 2017




Undervisningsspråk

Norsk. Emnet vert undervist på engelsk dersom engelskspråklege studentar melder seg til emnet.

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gje ei grunnleggjande innføring i tidvassdynamikk og analyse av observerte endringar i vasshøgda og tidvasstraumar, talfesting av storleiken og gjennomgåing av prosessar knytt til tilførsel og uthenting av energi frå tidevatn, og analyse av variasjonar og endring av globalt og regionalt havnivå.

Emnet skal gje forståing for dei underliggjande årsakene til tidevatn og variasjonar i havnivå, og såleis leggja kunnskapsgrunnlaget for korleis tidevatn og havnivå påverkar kystnære områder og infrastruktur.

Innhald:
Emnet tek opp tema som klassisk tidvassmekanikk, analyse og framskriving av tidvatn, tidvassdynamikk generelt og for kystnære områder spesielt, tilførsel og uttak av tidvassenergi, fysiske prosessar knytt til tidevatn, stormflo, tsunami, og variasjonar og endring av globalt og regionalt havnivå.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

- har inngåande kunnskap om årsakene og eigenskapane til tidevatn

- kan drøfte og rekne på tidvatn i opne hav, i tronge og opne bukter og i randhav

- kan analysera stormflo og tsunami

- kan drøfta rollen til tideassblanding og energidissipasjon i opne hav og i randhav

- kan greia ut om den historiske kunnskapsutviklinga knytt til tidevatn og variasjonar i havnivå

- kan grunnleggjande teori for uthenting av tidenergi

- kan greia ut om variasjonar og endringar i havnivå i rom (globalt, regionalt og lokalt) og i tid

 

Ferdigheiter

Studenten

- kan utleia og nytta dei leiande, harmoniske komponentane til å rekne ut, analysere og framskriva tidevatn

- kan nytta likeveksteori til å talfesta endringar i havoverflata og tilhøyrande tidevassrørsle for ulike samanstillingar av dei orbitale parametrane

- kan greia ut om dei ulike faktorane som påverkar lokalt og globalt havnivå på ulike tidsskala, og årsakene til desse variasjonane

- kan forklara og diskutera sentrale omgrep i tidvassteori og om variasjonar av havnivå som ikkje er knytt til tidevatn

 

 

Generell kompetanse

Studenten

- kan forklara matematiske omgrep og anvende matematisk formalisme på ulike, geofysiske problem

- kan gjennomføra og formidla analyse av havobservasjonar

- kan skrive og presentera oppgåveløysing i tråd med god vitskapleg praksis

- kan reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar innan fagområda oseanografi, klima og fornybar energi

Tilrådde forkunnskapar

GEOF110 samt GEOF130 eller GEOF105

Studiepoengsreduksjon

GEOF331: 5 ECTS

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av forelesningar.
Forelesingar / 4 timar pr. veke i 13 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det vert gjeven oppgåver, inkludert programmeringsoppgåver, gjennom semesteret. Kvar student, eventuelt studentar i små grupper, skal levera inn ei skriftleg løysing av ei av oppgåvene og skal presentera minst ei av oppgåvene i plenum, begge med godkjent resultat, for å kunna gå opp til eksamen.

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 3 påfølgjande semestre etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Avsluttande, munnleg eksamen, inkludert spørsmål om gjevne oppgåver, utgjer 100% av karakteren

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart haustsemester.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@gfi.uib.no