Emner: GEOV103 Innføring i mineralogi og petrografi - Høst 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk. Delar av kurset blir undervist på norsk.

Undervisningssemester

Haust

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dei fleste sedimenter, bergartar og malmar består av mineral med forskjellige strukturar, samsetningar og fysiske eigenskapar. Mineral er viktige arkiv for opplysningar om danninga av bergartar og deira seinare utvikling. Målet med emnet er å gi kunnskapar om mineralers kjemiske og fysiske eigenskapar, førekomst og utnytting, gje ferdigheiter i identifikasjon av alminnelege mineral og bergartar samt gje innsikt i anvendelegheiter av mineralogi i geologiske og geofysiske tolkingar. Emnet vil gje ei oversikt over mineralstrukturar og mineralstabilitet, inkludert polymorfisme, isomorfisme, fast blandbarheit, avblanding og mineralreaksjonar i forskjellige geologiske regime. Dei optiske, magnetiske og andre fysiske eigenskapane til mineral vil bli gjennomgått, og det gis ein innføring i mineralidentifikasjon. Mineralkjemien til dei viktigaste bergarts- og malmdannande mineral, deira førekomst, danning og eventuelle anvendingar som råstoff vert behandla systematisk. Den mineralogiske klassifiseringa av dei mest alminnelege magmatiske, metamorfe og sedimentære bergartar vil bli gjennomgått.

Læringsutbyte

Etter fullført emne GEOV103 skal studenten kunne:

- Forklare årsaka til dei mest framtredande fysiske eigenskapar til mineral

- Gjere reie for dei grunnleggjande strukturane og samansetningane til dei viktigaste bergartsdannande mineral

- Tolke enkle fasediagram som har relevans for mineraldanning og stabilitet

- Gjengi og anvende IUGS klassifiseringa av magmatiske bergartar

- Utføre enkle mineralkjemiske berekningar

- Beskrive og gjenkjenne dei mest alminnelege mineral og bergartar i handstykke

Krav til forkunnskapar

GEOV101

Tilrådde forkunnskapar

 KJEM110 og KJEM120, kan leses parallelt

 

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Kursprøver og skriftlege oppgåver. Godkjente obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 påfølgjande semester.

 

 

 

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatte hjelpemiddel: Linjal og Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOL103

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent ved Institutt for geovitenskap, tlf. 55 58 35 25

E-post: studiekonsulent@geo.uib.no