Haust
Emne har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket
Emnet omhandlar hovudgrupper av mikroorganismar som er viktige for biogeokjemiske syklusar og korleis desse deltar i nedbrytning av mineral og bergartar og i utfelling og utforming av nye mineralavsetjingar. Sentrale analytiske metodar for påvising og identifikasjon av mikroorganismar i materiale frå ulike geologiske miljø vert gjennomgått og demonstrert. Det vert lagt vekt på samanhengen mellom mikroorganismars metabolisme og geokjemiske prosessar. Djupmarine sedimenter og hydrotermale system vert spesielt vektlagt.
.
Etter fullført emne skal studenten kunne
- gje ei oversikt over dei viktigaste mikrobielle metabolismane for biogeokjemiske syklusar
- gje oversikt over dei viktigaste metodane for å påvise mikroorganismar i geologisk materiale
- forklare korleis dei mikrobielle prosessane fører til oppløysing av mineral/bergartar og til utfelling av nye sekundære mineral
- forklare samanhengen mellom geokjemiske profil og mikrobielle prosessar i ulike geologiske miljø
BIO101 og GEOV243
Haust
Emne har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket
Studiekonsulent ved Institutt for geovitenskap, E-post: studiekonsulent@geo.uib.no