Emner: GRE103 Gresk: Attisk prosa - Vår 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

 

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret.

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omfattar i første rekkje lesing av prosatekstar på den attiske dialekt frå den klassiske perioden (480-330 f.Kr.). Også tekstar på koine og attisistiske tekstar frå romersk keisartid kan inngå i studiet. Dessutan blir det gitt eit oversyn over historia til den greske litteraturen (med serleg vekt på dei forfattarane som blir lesne), ei innføring i gresk filosofi (med hovudvekt på Platon), og auka kjennskap til historie og kulturhistorie (serleg gjennom studium av kommentarar til dei tekstane som blir lesne).

 

Læringsutbyte

Studentane skal få grundigare kjennskap til gresk språk og litteratur. Hovudmålet er å auke og styrke kunnskapane i formlære og syntaks, og gi ei systematisk innlæring av det sentrale ordforrådet.

 

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ein tilrår at eksamen i GRE101 og GRE102 er avlagt før studenten går opp til eksamen i GRE103.

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar over delar av pensum og øvingar i praktisk språkbruk, m.a. gjennom omsetjingar frå norsk til gresk.

 

Om lag 52 timar (to dobbelttimar i veka).

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.

 

 

 

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Skuleeksamen på 6 timar med ordbok.

Ordboka skal vere frå gresk til morsmål eller frå gresk til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Berg, Græsk-dansk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.

 

 

 

 

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum er til saman på omlag 80 sider gresk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei handbok i gresk grammatikk og oversiktlege framstellingar av gresk litteratur- og filosofihistorie.

 

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no