Overordna mål:
Kurset skal gje ei innføring i grunnleggjande statistiske omgrep, prinsipp og metodar med bruk innan helsefaglig forsking.
Innhald:
-Metodar for å rapportere (skildre og oppsummere) ei samling av data gjennom tabellar, grafar og skildrande mål.
-Grunnleggjande fordelingar: Normalfordeling, binomisk fordeling
-Omgrep i statistisk inferens: Utval og populasjon, hypotese og hypotesetest, test-observator, signifikansnivå, p-verdi og konfidensintervall
- Finne statistisk styrke og utvalsstørrelse
Kunnskap
Etter fullført emne skal studentane kunne:
Forstå dei viktigaste prinsippa ved bruk av kvantitative forskingsmetodar.
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- gjere greie for vanlege deskriptive statistiske mål
- syne at dei forstår føresetnader for generalisering av resultat og prinsippet for ein statistisk test
- bestemme kva for analyser og testar som bør brukast ved dei mest vanlege studiedesign
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studentane:
- syne kritisk refleksjon over metodebruk og metodologiske problemstillingar i skriftlege arbeid.
Undervisinga er basert på 20 timer førelesningar
Ei mengd oppgåver blir utdelt i løpet av kurset. Studentane skal arbeide med desse i grupper. Arbeid i grupper vert assistert av kollokvieleiar. Totalt 6 timar gruppearbeid.
Institutt for global helse og samfunnsmedisin
e-post: studie@igs.uib.no
tel: 55586100
Emneansvarleg: Trond Riise, http://www.uib.no/personer/Trond.Riise