Målet er å gjere studenten i stand til å skrive ei historiske framstilling, på grunnlag av både forskingslitteratur og kjelder.
Gjennom skriving av ei oppgåve innanfor eit avgrensa tema, lærer studenten å bruke historisk kjeldekritikk til å løyse historiske problem..
Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, før kvart undervisningssemester.
Kunnskapar
Studenten skal ha tillegna seg realkunnskap om temaet som er valt for emnet. Studenten skal kjenne til relevante kjelder til temaet og skal vise ferdigheiter i å bruke kjelder metodisk og kritisk.
Ferdigheiter
Med utgangspunkt i valde problemstillingar skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere kjelder og forskingslitteratur, trekke eigne konklusjonar og formidle dette i eit skriftleg arbeid. Desse ferdigheitene er særskild viktige i læraryrket.
Generell kompetanse
Kjeldekritikk er noko som vert nytta overalt i samfunnet der verdien av informasjon og representativiteten i ei informasjonsmengde skal vurderast. Ei systematisk trening i dette vil såleis kunne ha stor verdi også utanfor historiefaget.