Emnet gir studentane ei innføring og orientering i eit forskingsfelt i historiefaget som kan vere relevant for ei masteroppgåve. Emnet tek sikte på å gi eit godt startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve gjennom kritisk analyse og diskusjon av sentral litteratur innafor eit forskingsfelt. Studentane skal skrive ei oppgåve. Val av tema for oppgåva skjer i samråd med rettleiar. Studentane skal òg lære seg munnleg presentasjon og diskusjon av fagstoffet.
Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar.
Kunnskapar
Studenten har grunnleggjande kunnskapar innan eit tematisk avgrensa forskingsfelt og oversikt over den viktigaste litteraturen. Studenten kjenner til dei mest sentrale synspunkta, teoriane og metodane innan feltet.
Ferdigheiter
Studenten kan formulere problemstillingar og finne fram til relevant forskingslitteratur i tilknyting til desse. Studenten kan sjølvstendig analysere grunnlaget for dei forskjellige synspunkta, teoriane og metodane i denne forskingslitteraturen.
Generell kompetanse
Gjennom det skriftlege arbeidet har studenten demonstrert evne til å analysere og dokumentere vitskapleg. Studenten har evne til å presentere faglege problemstillingar munnleg og i diskusjonar med faglærarar og medstudentar.