Emner: INF122 Funksjonell programmering - Vår 2017




Undervisningssemester

Haust (fargekode:gul).

Mål og innhald

Eit funksjonelt program består av definisjonar av funksjonar. Programmet sin effekt er bestemt av input-output oppførselen til desse funksjonane. Funksjonell programmering er eit sentralt eksempel på det deklarative paradigmet, der eit program har ein dual tolking i tillegg til den operasjonelle, nemleg som ein formel med statisk meining uavhengig av nokon overgonger mellom programtilstandar. Eksekvering av eit program svarar då til denne deklarative tolkinga. Dette støttar utvikling og vedlikehald av korrekte program. I kurset tileignar ein seg grunnleggande konsept frå det funksjonelle paradigmet ved programmering i eit funksjonelt språk (til dømes Haskell).

Læringsutbyte

Etter å ha fullført INF122 skal studentane kunne programmere med funksjonar, forstå og bruke rekursjon, algebraiske datatypar (lister, tre), høgare-ordens og polymorfe funksjonar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INF100, MNF130

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester; det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgande semesteret.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen. Dersom det er færre enn 10 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Ingen lovlege hjelpemiddel.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

INF121: 5 SP, INF121A: 5 SP

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.