Emner: INF226 Programvaresikkerhet - Høst 2017
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Haust (uregelmessig)
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Kurset gjev oversikt over tryggingsproblem som programvare blir eksponerte for. Hovudfokuset i kurset er programmeringsteknikkar for utvikling av sikre applikasjonar. Kurset tek opp utviklingsteknikkar for å unngå konkrete tryggingsrelaterte problem. Verkty blir nytta til å avdekkje slike problem i programvaren. Java (og andre programmeringsspråk) blir nytta til å sjå på tryggingstiltak. Bruk av sikre programmeringsteknikkar blir praktisert ved eit øvingsopplegg med fleire vekes-og obligatoriske oppgåver. Kurset er sådant arbeidskrevjande.
Læringsutbyte
Studentane skal forstå tryggingsproblema som er knytta til utvikling av programvare, og vere i stand til å nytte programmeringsteknikkar for å utvikle sikre, pålitelege og robuste system.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
INF100, INF101, INF102, INF112, INFO125/DAT101
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte på forelesningane/gruppene. Studentdeltaking i presentasjon av pensum.
Obligatorisk prosjekt må gjenomførast for å få ta eksamen.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen/prosjektpresentasjon.
Bestått/ikkje bestått.
Ingen lovlege hjelpemiddel.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.