Emner: INF234 Algoritmer - Høst 2017
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gjennomgår avanserte metodar for utvikling og analyse av effektive algoritmar for diskrete problem. Teknikkar som blir presenterte, inkluderer mellom anna grådige algoritmar, dynamisk programmering og ulike former for graf-traversing. I tillegg dekkjer emnet óg korleis ein kjenner att problem som ikkje lar seg løyse effektivt, såkalla NP-komplette problem, og korleis desse kan håndterast.
Læringsutbyte
Ved fullført emne INF234 skal studenten kunne:
- anvende algoritme-design-teknikker for diskrete problem. Desse teknikkane omfattar grådige algoritmar, dynamisk programmering, ulike former for graf-traversering, og nettverk-flyt algoritmar.
- vere i stand til å gjenkjenne nye problem som egnar seg til å løysas med de metodane ein har lært på kurset, og å utlede nye algoritmar for liknande problem.
- bevise korrektheita av algoritmar og analysere køyretida til algoritmar.
- vite skilnaden på kompleksitetsklassene P og NP, samt NP-komplettheit.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på INF102
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Se meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Ingen lovlege hjelpemiddel.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
I234: 10stp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.