Emner: INF270 Lineær programmering - Vår 2017
Undervisningsspråk
Standard undervisningsspråk er norsk.
Engelsk undervisning (eventuelt supplerende undervisning) blir gitt ved behov.
Undervisningssemester
Haust (Fargekode: blå)
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet tek for seg løysingsmetodar for lineære optimeringsmodellar. Tema som vert dekka er mellom anna simplexmetoden og indrepunktsmetoden for lineær programmering, nettverksalgoritmar, dualitetsteori og sensitivitetsanalyse.
Læringsutbyte
Ved fullført INF270 skal studenten kunne- forklare korleis eit lineært optimeringsproblem kan løysast
- gjere greie for det matematiske grunnlaget for løysingsmetodane
- analysere løysinga til eit lineært optimeringsproblem
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på INF101, MNF130, MAT121.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Se meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.
Aktuell lærebok er tillatt som hjelpemiddel på skriftleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
I172: 10 SP
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.