Emner: INF283 Innføring i maskinlæring - Høst 2017
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet dekkjer grunnleggjande maskinlæring med tanke på anvendingar innan bioinformatikk. Emne som blir dekka er læringsproblem, konseptlæring, læring av beslutningstre, bayesiansk læring, og støttevektor-maskinar (Support Vector Machines).
Læringsutbyte
Ved slutten av kurset skal studenten vere i stand til å
- Gjenge dei grunnleggjande idéar innan maskinlæring
- Samanlikne modellerings aspekt ved forskjellege tilnærmingar til maskinlæring
- Evaluere tilnærmingar til maskinlæring med omsyn til ¿inductive bias¿.
- Implementere maskinlærings-algoritmar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studentane må vere istand til å implementere grunnleggjande algoritmar i eit programmeringsspråk som dei veljar sjølv.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige to semester, det semesteret aktiviteten foregår samt det påfølgjande.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen. Dersom det er fleire enn 20 studentar kan det bli skriftleg eksamen. Obligatoriske arbeidskrav inngår i vurderingsgrunnlaget for eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
INF280: 5 stp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studieveileder@ii.uib.no.